Vil kjedene ta over stadig større delar av vedsalget?

Alle bransjar digitaliserer seg, fornyar seg, tilpassar seg kundane sine behov. Det siste årets pandemi har verkeleg fått fart på dei store kjedene sine planar om heimlevering. Coop, Plantasjen, OBSBygg, alle byggvare-forretningar, Kolonial.no.

Om dei sat på gjerdet inntil nyleg, så er dei no i full gang med å planlegge korleis dei skal få til effektive heimeleveringar med koplingar til nettbutikkane sine. Det handlar eigentleg om kor mange produkt dei kan få oss til å kjøpe for samtidig levering, ikkje sant? Mat. Ein hammar. Ei kake. Ein hageslange. Dette er proffe folk, med årelang erfaring og store ressursar. Dei planlegg for korleis dei kan gjere ein god jobb for sine arbeidsgivarar. Som jo er å selge så mykje dei kan med god forteneste.

Om du tenkjer over det: korleis trur du dei planlegg å gjere det med levering av ved? Trur du at dei tenkjer slik? «Nei, fyringsved satsar vi ikkje noko særleg på, det er jo så mange små produsentar der ute som tar seg av det!». Svaret er: Neppe.

Eg kan forsikre deg om at dei er i full gang med å legge planar. Ved er varme-energi, noko folk berre må ha. Kjedene kan kjøpe inn store kvanta med langreist ved og pushe ut til sine kundar, når dei likevel køyrer ut, ikkje sant? Trur du dei vil nøle med det? Neppe. Og denne konkurransen vil du møte nokså raskt, kjære vedprodusent.

Det finst gode løysingar

Spørsmålet er då: kva kan vedbransjen gjere for å møte dette som vi veit kjem? Vedbransjen i Norge har merkeleg nok ikkje ein bransje-organisasjon, slik andre store sektorar har. Det minste vi då kan gjere er å tilby ei felles plattform som gir minst like gode og effektive tenester som kjedene. Og kanskje til og med bedre!  For det har vi å tilby: åpenbare fordelar som tilgang til lokalt trevirke, kortreiste og gode produkt. Kombinert med enkel og trygg bestilling og levering. Lokalt, i nærheita av der kundane bor.

Litt slik som i går…

Vi er jo mest tilbøyelege til å gjere ting litt på same måten som i går, som i fjor, ikkje sant? Men før du veit ordet av det, så får naboen levert langreist ved frå Coop eller Plantasjen – «fordi det var så enkelt og greit!». Spørsmålet er korleis det vil gå med norsk vedbransje på litt sikt – dersom kvar og ein sit på kvar si tue og ikkje søkjer mot gode fellesløysingar? For slike løysingar finst. Og kundane forstår at langreiste produkt har transportutslipp og kostnader, og dei vil gjerne ha bærekraftige og kortreiste varer – om dei er enkle og trygge å få tak i. Spørsmålet du gjerne kan stille deg er: vil du sjølv ta alt arbeidet med å etablere eigne web-sider, eigen web-shop, betale for å bli synleg nok på nettet, organisere all utkøyring manuelt? Eller kan det tenkjast at det finst andre gode løysinger?

Kortreist-plattforma

Sjølvsagt snakkar eg i retning av ei felles plattform for lokale produsentar og deira varer. Dine varer. Det er jo det eg dei siste 5 åra har ivra for og brukt all mi vakne tid på å skape. «Kortreist-plattforma» har blitt eit skreddarsydd system for alle som driv med lokal produksjon, salg og levering. Vi har utvikla plattforma for fyringsved, i første omgang. Snart står fleire andre varer og sektorar for tur. Du kan for eksempel sjå den første tilveksten på www.kortreistjord.no (lansert 1.juni 2020)  eller for bær: www.kortreistbær.no.

Tanken min har vore denne: vi spelar på all den gode produksjonen som blir gjort i landet vårt, av stolte, flinke næringsdrivande. Vi har utvikla eit system for kortreiste varer, som gjer det enkelt for lokale kundar å bestille og få levert varer frå same region. Ingen behov for å frakta langreist ved over Østersjøen når gode folk i nærheita kan levere dette.  Ingen behov for å kjøpe langreiste små-poteter frå Frankrike, så lenge dei finst på åkrane rundt oss. Vi treng ikkje å importere langreist storfe-kjøtt frå Argentina eller tillapia-baserte fiskekaker frå Vietnam. Vi har det her. Landet vårt er fullt av mjølk, honning – og lammekjøtt og fisk. Og skog og tre. Då må vi lage oss effektive system som fører varene til markedet – også kalla markedsføring. Og det har norske lokalprodusenter og ved-produsentar no fått med Kortreist-plattformen.

Vi har no lykkast godt med KortreistVed-plattformen, og nye sektorar og varer står snart for tur.

Og til deg som vedprodusent…

I motsetning av kva vi kan få inntrykk av gjennom bondeopprøret som pågår våren 2021 (#bondeopprøret21) så er faktisk norske skogbrukarar og vedprodusentar stolte utøvarar av sitt fag. Det går fint an å skape ei sunn og god næring av all vedproduksjonen.

Men: skal vi då halde fram som før og surmule over at andre (i Baltikum) klarar å produsere veden meir effektivt og til lavare pris enn oss? I motsetning til kva mange trur, så er importveden stort sett av framifrå kvalitet, og 1 kilo trevirke brenn like godt som noko anna. Så det nyttar ikkje å snakke ned andre stolte produsentar sine produkt heller. Best då å starte med seg sjølv, ikkje sant?

Korleis møter bransjen kjede-konkurransen?

Det finst sikkert mange gode løysinger, og du må finne ut korleis du vil gjere det. Eg er nokså sikker på at kjedene raskt vil overta dersom vi ikkje gjere noko ilag på dette området.

Vil du vere med på å skape noko saman, til beste for alle – både lokale produsentar og kundar – så har i alle fall eg gitt deg eit tilbod. Og eg kan love å gi jernet framover også.

KortreistVed: eit komplett system. 

KortreistVed er eit komplett salgs- og leveringssystem for alle som driv med levering av ved. Du legg inn dine eigne kundar, du får eigen web-shop med bestilling og betaling. Eit komplett leveringssystem, med kundevarsling. I tillegg får du markedsføringsverktøy som for å følge opp alle dine kundar med nokre få tastetrykk. For dette betalar du ein månadleg lisens (3 ulike alternativ). Og i tillegg: du får tildelt ordrar frå KortreistVed som du kan levere i ditt område. Det er gratis å vere registrert som leverandør på KortreistVed.no. Du kan enkelt registrere deg her: www.kortreistved.no/leverandor 

Mai 2021, Trond Fjørtoft, gründer av KortreistVed.no

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *