SALG HAR EN KOSTNAD.

ADVARSEL! REKLAME FOR KORTREISTVED

Det er STOR skepsis blant mange ved-produsentar til å skulle bruke eit slikt system som vi har laga. Mange lokale ved-produsentar er svært negative til at nokon har laga eit system for å selje og levere ved som dei har slitt for å lage. Og så skal “karre til seg” ein del av denne fortenesta, heilt urettferdig. Det er mange som ikkje orkar å sette seg inn i korleis systemet faktisk fungerer, og at muligens finst nokre oppsider. Og nokre igjen hissar seg voldsomt over at eg er gründer bak dette salgs- og leveringssystemet. Det kan verke som om irritasjonen er større enn nysgjerrigheita. Kanskje du er ein av dei? Då vil eg råde deg til å hoppe over det eg skriv her.

Salg har kostnad og tidsbruk. Levering har ein kostnad.

KortreistVed omsatte ved for kr 52 mill i 2022, og vi produserer ikkje eigen ved. Så bak dette står det mange fornøgde lokale ved-produsentar over heile landet. Kan det vere ein grunn til det, skal tru? Eller er dei som brukar dette litt “dumme”? Tja. Eg vil argumentere for at salg og levering har ein kostnad og tidsbruk. Og KortreistVed er eit verktøy for å gjere alt «admin-arbeid» og salg meir effektivt og lønnsomt. På den måten kan du som lokal produsent drive meir effektivt.
Dersom eg har rett, så er KortreistVed ein innovasjon som er kostnadsbesparande og det motsatte av eit «fordyrande mellomledd».

Verdien av lokal produksjon

KortreistVed har eksistert sidan 2016, og vi har bransje-fokus. Idèen er å framsnakke lokale produsentar ved å tilby eit meir effektivt salgs- og leveringssystem. Som de ser her på desse Facebook-gruppene: det er ikkje vidare effektivt, er det vel? Og her på SALG AV VED så blir det mykje «styr» for å skulle matche kundar og leverandørar i same område, ikkje sant?
I motsetning til ei Facebook-gruppe så er KortreistVed eit radius-basert (område-basert) system, som automatisk matchar kundar si leveringsadresse med produsentens leveringsområde.

3 modular

Lokale produsentar får tilgang til

(1) effektive markedsføringsverktøy (sende ut epost og sms til alle sine kundar) og

(2) eigen web-butikk med fullt betalingssystem der alle ordre kjem inn fullt betalt. Og

(3): system for å køyre ut og levere i effektive ruter, i ulike leveringsområder.

Vårt mål er å skape salgskanalen for lokale produsentar. La lokale produsentar møte kundar i sine områder – eller dei områda ein vil levere i – på ein digital og effektiv måte.

Om vi klarar å vekse og lykkast med endå større omsetning, det får vise seg kor godt system vi har klart å lage. Eg vil seie at foreløpig er det mange skeptikarar «der ute».

WoodStocking

Salg har kostnad og tidsbruk. Levering har ein kostnad.

Logikken er slik: gitt at du er over eit visst volum i omsetning (og ikkje berre er ein hobby-produsent), så har markedsføring ein kostnad. Salg har også ein kostnad – og tidsbruk. Og leveringslogistikk har også tidsbruk og kostnader. Kan dette gjerast meir effektivt, skal tru?

Følgje opp alle kundar

Med KortreistVed får du eit system der du kan følgje opp alle dine kundar gjennom ein heil sesong (epost og SMS). Frå salg av nykløyvd ved om seinvinter/vår (gir litt sårt tiltrengt likviditet). Ein nyttig funksjon er «Forhåndsbestilling» frå 15. mars kvart år, der kundane legg inn sine bestillingar og betalar 10%. Resten 90% blir automatisk purra opp og betalt 20 dagar før utkjøring skal skje. Og i tillegg til dine eigne kundar, så kjem vi med ordre som du kan levere.

Alle ordre ferdig betalt

Alle ordre kjem inn ordna og ferdig betalt. Du brukar eit rute-system for å få optimale ruter. Kundane får automatisk beskjed om når levering vil skje. For omsetning til dine eigne kundar bereknar KortreistVed 5% av ordreverdi. Dersom du synest dette er mykje, og ikkje tenkjer at du har noko å vinne på å bruke eit slikt system, eller blir meir effektiv med det, så kan du halde fram som i dag.

Altså: dersom du klarar å omsette for kr 500.000 i ved, så vil systemet berekne kr 25.000 for å ordne dette.

Oppside 2: vi kjem med ordre som produsenten kan levere

Så er det den andre oppsida: i tillegg til dine eigne kundar, så kjem KortreistVed med ordre til KortreistVed sine eigne kundar (vi gjer god og brei markedsføring). Her får du ordre som du kanskje ikkje ville ha fått, og du får 90% av ordreverdien.

«Jeg får solgt alt, jeg, trenger ikkeno system for det».

Dersom du får solgt all veden din, så er det sjølvsagt ingen vits i å bruke KortreistVed. Dei siste åra har vore relativt gode for mange. Men dette varierer. Og dersom du har meir ved, eller ikkje får solgt alt eller så mykje som du kunne ha produsert, så vil du jo tene godt på dette.

Sjå litt på dette reknestykket

Dersom KortreistVed, i tillegg til dine eigne kundar, kjem med ordre på kr 44.400 eks mva, så vil du altså få omsetning på kr 40.000, og KortreistVed behalde kr 4.400. Dermed har du allereie tjent inn igjen det du har måtte avgi (kr 25.000) av omsetning for dine eigne kundar. I tillegg: kanskje får du også ordre for å levere til lokale butikkar også.

Kva kostar det å bruke KortreistVed?

I staden for å ta høg lisensavgift, så bereknar vi heller 5% av omsetningsverdien til dine eigne kundar. Så kjem vi med ordre til KortreistVed sine kundar, der bereknar vi 10% av ordreverdien. 1% går til Nets/betalingsformidling. Du slepp alt som har med betaling og faktura å gjere. Du får bilag og utbetaling for levert ved 2 gongar per månaden (den 1. og den 15.).

Ikkje for alle

Igjen: eg seier ikkje at dette passar for alle. Eg seier heller ikkje at dette systemet er alldeles fantastisk, eller den einaste måten å selje sin ved på. Det er i stadig utvikling.

Men eg seier at det er godt nok til å gi mange lokale ved-produsentar god omsetning og forteneste, både i sine nærområde og inn mot næraste by/tettstad. Og det kan sjå ut til at mange kundar likar det også.

Er du interessert i å høyre meir om korleis KortreistVed ikkje treng å vere eit fordyrande mellomledd, men tvert om kostnadsbesparande og meir-selgande system? Ta gjerne kontakt med oss på leverandor@kortreistved.no.


Kampanje – gratis lisens ut året
Vi er såpass trygge på at du vil bli fornøgd at vi no har kampanje. Du får gratis lisens første 12 månader, dersom du bestiller dette før utgangen av januar 2024.